Orientering-/Trimgruppa:
Leiar: Lars Olav Tufta [email protected] 41466878
Styremedlem: Kjetil Gravdal [email protected] 92647978
Fjelltrimmen
Strandebarm IL sin årlege fjelltrim blir aktiv i app’en Trimpoeng (https://trimpoeng.no) frå og med 01.april til 01. oktober.
Hugs å logga deg på for å delta i denne aktiviteten. Sjå info i app’en.
Velkomen til nye og gamle fjelltrimmarar!Hugs, det er mykje god helse i fine fjellturar.
Fjella som er med er desse:
Tveitakvitingen, 1299moh, 18 poeng
Vesoldo, 1046 moh, 10 poeng
Kråkenos, 814 moh, 8 poeng
Daurmålseggji, 807 moh, 7 poeng,
Grånut, 595 moh, 6 poeng
Haukåsfjellet, 661 moh, 4 poeng
Fagrafjell, 677 moh, 5 poeng
Merke og pokalar i Fjelltrimmen vert utdelt etter statuttane nednafor. Dei tre fyrste merka opp til fem år, kostar kr. 50,- Resten av pokalar o.l. frå 6 år, er gratis.
1 år - Fjelltrimmerket i bronse
3 år - Fjelltrimmerke i sylv
5 år - Fjelltrimmerke i bronse
10 år - Pokal 10 cm
15 år - Pokal 15 cm
20 år - Pokal 20 cm
25 år - Pokal 25 cm
30 år - Stort diplom
40 år - Krus