[email protected]


Logo
Bli medlem
Arrangementskalender

Siste bading 10. desember. Helgebadinga flyttar til sundagen

Forfatter: Johannes Skogseide Børsheim

30. november 2015

Forside
News article image

10. desember vert siste dag med open symjehall før jul. Etter nyttår startar badinga oppatt 11. januar. Nytt for året vert at det ikkje vert bading om laurdagane, men bading om sundagane kl 13 - 15. Velkomen !

Symjehallen i Strandebarm. Opningstider 2015/2016

Måndagar
kl 19-21 Dame-/Herrebading
 ​
Tysdagar

kl 17-18 Familiebading, born 1-5 år
kl 18-19 Familiebading, 1.-5. klasse
kl 19-20 Jenter/Gutar, 6.-10. klasse
kl 20-21 Herrebading

Torsdagar
kl 20-21 Damebading

Laurdagar
kl 13-15 Ope for alle

NB: Etter jul flyttar me helgebadinga frå laurdagar til sundagar kl 13- 15. Dette trer i kraft frå 17. januar.
Badinga held fran til 10. desember, og byrjar igjen 11. januar.


Born: Einskildbillett kr. 25,- sesongkort kr. 200,-
Vaksne: Einskildbillett kr. 50,- sesongkort kr. 400,-
Familie: Sesongkort kr. 1100,-

Det ligg faktura i symjehallen for å betala årskort.
Einskildbillett betalar ein inne i symjehallen.

Born under 11 år skal ha ein vaksen person (over 18 år) med seg.

Dersom barnet ikkje kan symja, skal den vaksne vera med ut i bassenget.
Me minnar om at alle badande skal dusje med såpe, utan badeklede på, og vaska håret før dei går i bassenget. 
NB: Det er påbode med badehette når ein badar.

Velkomen i symjehallen! 
Symjegruppa i Strandebarm IL