Arrangementskalender
Nytt gull til Bjørnar
Forfatter: Johannes Skogseide Børsheim
12. oktober 2021
Forside
Bjørnar Sandnes Lillefosse tok eit nytt NM-gull i Terrengløp, då han vann Noregsmeisterskapet i Lang løype 10 km i Oslo 10. oktober.
Dette var det tredje gullet til Bjørnar i Terrengløp, denne hausten. Han vann både individuelt gull og lag-gull med Gular, sist helg i Bergen.
Under 10 kilometeren i Frognerparken i Oslo, låg han framme under heile løpet. Etter kvart fall løparar av, og det var berre Senay Fissehatsion frå Ullensaker / Kisa som klarte å følgje tempoet. Bjørnar vann til slutt med elleve sekundar, etter sterk løping.
Med dette er han også kvalifisert for Nordisk Meisterskap i Terrengløp i Sverige i november. Gratulerar med eit nytt NM-gull !