[email protected]


Logo
Bli medlem
Arrangementskalender

Vinterkarusellstart tysdag 13. oktober

Forfatter: Johannes Skogseide Børsheim

13. oktober 2026

Forside
News article image

Våt start på årets vinterkarusellsesong

Tysdag 13. oktober kl. 1830. (nytt startidspunkt i.f.t. før) starta årets sesong i Vinterkarusellen. Det var ein våt tysdagskveld. men over førti glade trimmarar gjennomførte løpet. Det var med deltakarar frå små born til pensjonistar. Arrangøren gleder seg også over at litt folk frå Øystese og Hatlestrand og Ølve deltok. Arthur Lillefosse hadde kome heilt frå Bergen for å springe. Som i fjor kan ein også velge ei kort løype på 1,8 km i tillegg til den tradisjonelle løypa på 4 km.

Kondis var tilstades med journalisten Arne Dag Myking, og det kjem repostasje med mange bilete på kondis.no, og også i bladet Kondis. Blant dei som satsa på sterke tider, var Monica Rinde Oma og Torild Kveberg raskast blant kvinnene. Blant mennen var Ove Måge fyrste mann føre broder Lars. 

Etter løpet var det som vanleg trekking av gåvepremiar. Ketil Karlsen vann den gjevaste; eit gåvekort verdt kr. 500,- til bruk på Mo Sport i Norheimsund. Neste løp vert tysdag 3. november kl. 1830. Vel møtt då alle! Datoane denne sesongen er: 
13. oktober, 3. november, 24. november, 15. desember, 5. januar. 26. januar, 16. februar, 9. mars

Resultat 1. løp. 13. oktober 2026



Ann Kristin Berge 12,52 K
Bjørn Ove Berge 20,11 K
Kjell Egil Berge 12,47 K
Thomas Berge 12,47 K
Vegard Berge 17,15
Lillian Boman 32,45
Anne Christin Børsheim 41,00
Samuel Børsheim 15,43
Åslly Faith P Børsheim 41,00
Pernille Djupesland 10,28 K
Janne Eik 25,11
Frode Espeland 16,40
Marita Flemmen 44,52
Mari Tufta Flotve 24,37
Tor Henrik Fosse 26,58
Grete Hjertaker 35,15
Olav Ludvig Håbrekke 29,04
Ketil Karlsen 20,51
Solveig Kirkhus 23,13
Emilie Røyrane Kjellby 24,37
Torild Kveberg 19,34
Arthur Lillefosse 27,17
Irene Myrvold 22,27
Lars Måge 15,15
Ove Måge 14,58
Reidar Nerhus 10,22 K
Liv Nernæs 29,19
Sigrun Neteland 43,47
Monica Rinde 19,00
Franz Sekanina 43,47
Jan Øyvind Skogvoll 16,49
Julia Flemmen Skogvoll 44,52
Sondre Flemmen Skogvoll 44,52
Grete Solvi 32,30
Bodil Stranden 27,41
Camilla Støen 25,11
Silje K Svåsand 37,50
Arvid Tangerås 25,24
Halvor Tveitnes 10,28 K
Sigmund Tveitnes 10,05 K
Line Øygard 60,00