[email protected]


Logo
Bli medlem
Arrangementskalender

Vineterkarseullen 2023/24

Forfatter: Johannes Skogseide Børsheim

14. oktober 2023

Forside
News article image

Bli med på kjekke mosjonsløp på 4 km. Det er løp tredjekvar tysdag kl 19. ved Strandebarm Idrettspark. Fyrste løp er tysdag 10. oktober. Neste løp er 31. oktober kl 19.

Vinterkarusellen 2023 / 24

Datoar: 10.okt, 31. okt, 21. nov, 12. des, 2. jan, 23. jan, 13. feb, 5. mars. 

Løypa er 4 km. Det er løp tredjekvar tysdag kl 19, med start og mål på Strandebarm Idrettspark. Etter start går løypa èin runde rundt idrettsbanen, før ein spring opp i riksvegen og utover til vendinga omlag åvom Strandebarmheimen. So er det eksakt same veg attende til mål.

 

Etter kvart løp er det trekking av nokre gåvepremiar, m.a. eitt gåvekort på kr. 500,- til bruk på Mo Sport i Norheimsund.  For å gjennomføre Vinterkarusellen må ein delta på minst fem av dei åtte løpa. Då får ein medalje og er med i trekninga av fleire gåvepremiar, m.a. hovudpremien som er eit gåvekort på kr. 2000,- til bruk på Mo Sport. Vinterkarusellavslutninga er på skulen straks etter det siste løpet 5. mars 2024. 

 

Startkontingenten er kr. 50,- pr. løp, kr. 150,- for alle løp, og kr. 350,- for familie alle løp. 

Påmelding ved start, kontant eller Vipps nr 12123

Alle vel møtt!