[email protected]


Logo
Bli medlem
Arrangementskalender

God stemning på idrettslagsbasaren

Forfatter: Johannes Skogseide Børsheim

02. desember 2019

Forside
News article image

Nest siste sundag i november heldt idrettslaget sin årlege basar. Det var masse folk og god stemning.

Denne helga i november er blitt ei fast helg for basaren. Neste år vert den dermed 22. november 2020. Som vanleg var det mykje folk, og stemninga var god. Det vart servert kaffi, saft og kaker under heile basaren. Innanfør døra selde Sverre Sørnes loddar på bøkene. Pga. at minibanken i Strandebarm er fjerna, vart det oppretta ein minibank på basaren som Sverre betente. Ein kunne også vippse og få ut pengar på den måten.

Det var fyrst tre åresal. Idrettslaget sin faste speaker Hans Arne Børsheim leia det heile. So var det utdeling av premiar til dei aktive. Både Fotballgruppa, Friidrettsgruppa og Orientering-/trimgruppa delte ut. Fotballgruppa hadde fram spelarar, trenarar og oppmenn for dei ulike laga. Friidrettsgruppa gav diplom til alle rekruttar (9 år og yngre), i tillegg til premiar til dei mest aktive utøvarane. O-/trimgruppa delte ut utmerkingar til dei mest aktive fjelltrimmarane, i tillegg til dei som hadde jubileum på fjelltrimmen. (Sjå eigen oversikt i dette bladet). Også vinnarane som var trekt ut på kvar av dei ulike trimbøkene i skogen, vart leste opp og fekk ein ryggsekk kvar.

Etterpå var det to åresal til. Det siste var med ekstra flotte gevinstar. So vart det trekt ut ein spesialgevinst. Det var ei fin dukkeseng i tre, laga av Karsten lund frå Oma. Ein fin lita dukke var også med. Alle dei frammøtte hadde fått ein gratisbillett som honnør ved ankomst til basaren. Blant desse vart det trekt ut ein vinnar, og det var Per Brekke frå Fosse. Til slutt vart gevinstane på loddbøkene trekt. Dei aktive hedde selt loddar på bygda, og so selde basarkomiteen loddar på Joker og Coop`en. Og Sverre selde loddar heilt fram til trekkinga. Nokre vann på loddar dei hadde kjøpt på basaren. Nedst er synt alle vinnarane. Omsetninga (alle inntekter før kostnader er trekte frå) gav ny rekord med kr. 136.550,-

Strandebarm Idrettslag vil takke alle som har kjøpt loddar og årar, og takk til alle som kom på basaren. Takk til basarkomitèen og alle loddseljarane som var i sving. Idrettslaget rettar ei stor takk til alle private som har gjeve gevinstar og gåvekort til basaren. Takk til alle butikkar, småskalaprodusenter og andre verksemder som har gjeve gevinstar til basaren. Alle desse ligg på strekninga Eikelandsosen – Øystese, i tillegg til Thon Hotel Orion i Bergen, som er ein kjær og god støttespelar for idrettslaget. Bruk dette hotellet dersom du treng overnatting i Bregen. Me oppmodar elles alle til å nytte dei lokale verksemdene når ein handlar. Kjøp lokalt! Her får du best pris og best sørvis!

Vinnarar på Strandebarm Idrettslags lotteri:

*. Spesialgevinst: Dukkeseng, Karsten Lund, Oma.
           Per Brekke, Fosse
1. Reisegåvekort Berg Hansen Arriva              kr. 5000,-
           Trym Tombre Svåsand, Mundheim
2. Sykkel Mo Sport, Norheimsund                   kr. 4500,-
           Hanna Berge, Berge
3. Gåvekort Norheimsund Lyd og Bilde         kr. 4000,-
            Gunn Markhus, Sævareid
4. Gåvekort MX-Sport, Øystese                        kr. 3000,-
             Annika Tufta, Omastrand
5. Gåvekort MX-Sport, Øystese                        kr. 3000,-
             Frode Espeland, Omastrand
6. Hotelweekend Thon Hotel Orion, Bergen
             Stig Arne Bjørke, Tangerås
7. Gåvekort Krambuå, Strandebarm               kr. 1000,-
            Ida Vassnes Fosse, Bergen
8. Iskremmaskin, Fjellstrand AS                       kr. 500,-
             David Olai Vestbø, Tangerås
9. Gåvekort, Joker Omastrand                         kr. 500,-
              Lars Lutro Gjerde, Omastrand
10. Gåvekort, Evas Bakeri. Eva Almås             kr. 500,-
               Stig Stenhjem, Bergen