[email protected]


Logo
Bli medlem
Arrangementskalender

Bli medlem i Strandebarm Idrettslag

Forfatter: Johannes Skogseide Børsheim

01. januar 2020

Forside
News article image

Som medlem i Strandebarm Idrettslag kan ein nytte seg av alle dei gode tilboda som idrettslaget tilbyr, både på idrettsbanen, idrettshallen, trimrom m.m.

Strandebarm IL tilbyr eit breitt tilbod av ulike aktivitetar for alle folk. Det er også idrettslaget som syter for badinga i symjehallen. (Betalinga for symjinga er ordna i eit eige opplegg etter Kvam herad sitt system). Men ein treng ikkje vera aktiv innan idrett for å vera medlem i idrettslaget. Alle er velkomne som medlemar i Strandebarm Idrettslag! Ein kan senda inn info for medlemskap til Strandebarm Idrettslag, Tangeråsneset 18, 5630 Strandebarm, eller på epost til [email protected]. Då kjem informasjonen til kasseraren i idrettslaget Olav Sletvold. Informasjonen som han treng for eit medlem er: namn, fødselsdato, adresse og mobilnummer. Medlemskap pr. år for born kostar kr. 400,- , for vaksne kr. 500,- og for familie kr 1000,-

Velkomen som medlem