Sølv til Bjørnar i Nordisk Mesterskap i Terrengløp i Sverige
Forfatter: Johannes Skogseide Børsheim
07. november 2021
Bjørnar Sandnes Lillefosse beviste nok ein gang sin gode form og store løpsstyrke, då han tok to andreplassar under helgas Nordisk Mesterskap i terrengløp i Tullinge i Sverige.
Bjørnar gjorde reint bord under NM Terrengløp i haust, både kort- og lang løype, og på stafett for Gular. No tok han andreplassen i Tullinge i klassen Menn Senior sundag 7. november. Løypa var 9 km lang. Tida vart 29,28. Vinnar vart svenske David Nillsson på 29,11. Sju sekund etter Bjørnar kom Oliver Løfqvist, også han frå Sverige. Noreg stilte i tillegg med Erik Udø Pettersen (6. plass) og Mathias Flak (13. plass). 24 løparar frå Sverige, Noreg, Finland og Danmark stilte til start. Også Amaury Gouverneur frå Luxenburg, som spring for ein Nordisk klubb, deltok. Også i lagtevlinga vart det andreplass på Bjørnar og det norske laget. Svenskane tok gullet også her.
Bjørnar var i god form då utesesongen starta i vår. Men ei lang forkjøling i vår, etterfulgt av ei plagsom visdomstann o.l. øydela store delar av sesongen. Han fekk to 1.500m-meterløp på bane i år. Men han har vore i god form, og dette synte seg på hausten då han kunne stilla fight for fight i terrengløpa. Det er EM i terrengløp i Irland i Desember. Då vonar Bjørnar at han igjen kan stilla med flagget på brystet. Han har som nemnt teke alle gullmedaljane i NM-Terrengløp i år. Men til EM lyt han i tillegg tevla om plassar med fleire av Ingebrigtsen brødrene frå Sandnes, og den internasjonalt annerkjente maratonløparen Sondre Norstad Moen.
Strandebarm IL gratulerar Bjørnar med fantastisk resultat i Nordiske Mesterskap i Sverige !