Siste løp i Vinterkarusellen dette året
Forfatter: Johannes Skogseide Børsheim
15. desember 2020
Årets siste karuselløp vart arrangert tysdag 15. desember. 54 deltakarar stilte til start i den regntunge kvelden.
Men folk kosa seg og hadde ei kjekk stund i lag.
Smittevernomsyn gjer at arrangementet er noko endra frå før. Startområdet er kraftig utvida. Det store området inne på løpebanane vert også nytta etter løpet. Då har ein mykje plass å bevege seg på.
Bjørnar Sandnes Lillefosse var igjen raskast. Han er i kjempeform, og på ein dag der han ikkje tok for hardt i, kom han inn på kjempetida 11,50 i den 4 km lange løypa. Men mange andre, nokre av dei svært unge, spring også særs raskt. Morten Kolltveit var neste mann i mål på 12,53. Dei neste var unggutane Morten Myklebust Skjelnes og Sondre Svåsand Måge.
Syster til sistnemnde; Amalie Svåsand Måge spring også fort. Denne kvelden kom ho inn på solide 17,36. Litt etter kom Torild Kveberg og Monica Rinde Oma. Alt i alt var det kjempefin innsats frå samtlege, uansett om dei sprang fort, eller gjekk gjennom løypa. Deltakarane sin alder og ambisjonar spenner over heile registeret. Og det er akkurat slik Idrettslaget ynskjer at denne Vinterkarusellen skal vere. Den er for alle!
Vinnarar av gåvepremiar vart: Blanda posar (Mo Sport-drikkeflaske, energibar, Sparbanken Vest effektar, frukt o.l: Anne Christin Børsheim og Thor Arvid Pedersen. Strandebarm IL-tskjorter: Turid Lid og Lars Gjerde. Gåvekort kr 500,- på Mo Sport: Kristin Solberg.
Dette skulle vore sesongens fjerde løp, men dette var det tredje løpet. Løp nr 3 vart avlyst pga smittevernomsyn. Karusellen pr no vil bestå av sju løp, der ein må delta på minst fire av dei for å gjennomføre karusellen. Men også her kan det endra seg, dersom ein lyt avlyse eller endre terminlista for komande løp i 2021.
Strandebarm Idrettslag ynskjer alle vinterkaruselldeltakarar og ogfolk elles, ei God Jul og eit Velsigna Godt Nytt År!
Resultat Vinterkarusellen 15. desember 2020
| Renate | Bakkely | 45,25 |
| Torunn | Baldersheim | 42,00 |
| Bjørn Ove | Berge | 35,40 |
| Kaia | Berge | 35,40 |
| Kjell Egil | Berge | 34,57 |
| Thomas | Berge | 34,57 |
| Anne Christin | Børsheim | 25,12 |
| Ingrid | Børsheim | 19,12 |
| Samuel | Børsheim | 17,30 |
| Liv Berit Bru | Eide | 22,11 |
| Emma Viken | Espeland | 20,41 |
| Frode | Espeland | 17,07 |
| Kitty-Marie Håbrekke | Fosse | 34,20 |
| Magne | Fosse | 26,44 |
| Tor Henrik | Fosse | 34,20 |
| Kjell Martin | Fugleberg | 24,58 |
| Ludvik bakkely | Fugleberg | 24,58 |
| Vilde Bakkely | Fugleberg | 45,25 |
| Lars | Gjerde | 24,10 |
| Lars Lutro | Gjerde | 22,44 |
| Torunn | Gjerde | 22,44 |
| Grete | Hjertaker | 30,46 |
| Tore | Hoff | 16,25 |
| Marianne | Håbrekke | 36,14 |
| Vigdis | Håland | 25,57 |
| Morten | Kolltveit | 12,53 |
| Torild | Kveberg | 18,10 |
| Mette | Lammedal | 25,10 |
| Amund | Leiren | 30,18 |
| Helle Berg | Leiren | 30,16 |
| Turid | Lid | 30,59 |
| Arthur | Lillefosse | 25,58 |
| Bente Sandnes | Lillefosse | 42,00 |
| Bjørnar Sandnes | Lillefosse | 11,50 |
| Anne Grethe | Lunde | 36,14 |
| Ann Kristin | Mykkeltvedt | 35,40 |
| Amalie Svåsand | Måge | 17,36 |
| Lars | Måge | 14,32 |
| Ove | Måge | 15,35 |
| Solveig | Måge | 42,00 |
| Sondre Svåsand | Måge | 14,30 |
| Liv | Nernæs | 26,58 |
| Monica | Oma | 19,08 |
| Vebjørn Kveberg | Opsanger | 16,27 |
| Thor Arvid | Pedersen | 19,15 |
| Håkon Myklebust | Skjelnes | 13,32 |
| Lars Kristian | Skår | 15,30 |
| Kristin | Solberg | 42,00 |
| Bodil | Stranden | 42,00 |
| Silje Kristin | Svåsand | 40,50 |
| Arvid | Tangerås | 20,55 |
| Irene | Tangerås | 22,03 |
| Hanne Meyer | Tveit | 23,39 |
| Rickard | Willemoes | 16,14 |