[email protected]


Logo
Bli medlem
Arrangementskalender

Nesten rekord på vinterkarusellen

Forfatter: Johannes Skogseide Børsheim

15. februar 2016

Forside
News article image

Tysdag 16. februar gjekk sesongens nest siste vinnterkaruselløp av stabelen. Det var fin temperatur og plussgrader, men litt sur vind. Likevel var Bjørnar Sandnes Lillefosse berre fem sekund bak sin eigen løyperekord.

Dei neste i mål var John Olav Måge, Valdemar Børresen, Knut Øystein Fosse og Tor Børresen. Valdemar som vert 15 år i dette året, kom inn på 15,46. Han er eit langdistansetalent, i tillegg til å vera ein god fotballspelar. Hilde Brekke Kolltveit, Irene Tangerås og Liv Berit Bru Eide var fyrst i mål av kvinnene. 

Omlag 45 trimmarar var samla denne kvelden. Den litt strenge kulda hadde gjeve seg, og gradestokkken synte plussgrader. Unnateke vinden som tok nokon stader i trasèen, var det fine forhold. Etterpå var det som vanleg trekking av gåvepremiar på startnummer., Den gjevaste av dei på kr. 5000,- til bruk på Mo Sport i Norheimsund, vart vunne av Bjørg Vågsnes. 

​Neste løp vert arrangert tysdag 8. mars kl. 19. Det er sesongens siste løp. Etterpå løpet vert det karusellavslutning med m.a. premieutdeling i kantina på skulen. Vel møtt !