Basar sundag 20. november kl. 16
Forfatter: Johannes Skogseide Børsheim
01. november 2016
Sundag 20. november vart idrettslagets årlege basar avvikla på Strandebarm skule. Det var godt oppmøte og god stemning og mange fine gevinstar.
Brutto inntekta på basar og loddbøker vart omlag 132 000,- som er noko opp frå i fjor. Dette er idrettslaget nøgd med. Frå dette går ein del ut att i kostnader som leige av idrettshallen til Kvam herad på nær 3000 kroner,- og innkjøp av ein del gevinstar pluss ein del andre kostnader. Pengane vert nytta i drifta av idrettslaget og til investeringar i nytt utstyr. Ein del vert nytta på utstyr i skulen og idrettshallen som altso er eigd av Kvam herad. Dette er t.d. hekkar og matter i gymsalen og fiksing av utstyr som vert slete i skuletida og på kveldstreningane.
Vinnarane på loddbøkene vart:
1. Reisegåvekort. Hardanger Reisebyrå kr. 5000,- Sandra Håland
2. Gåvekort. MX Sport, Øystese kr. 3000,- Borgny Mundheim
3. Gåvekort. MX Sport, Øystese kr. 3000,- Hatice Tangerås
4. Sykkel. Mo Sport, Norhemsund kr. 3000,- Samson Oma
5. Hotellweekend. Thon Hotell Bryggen, Bergen. Finn Ove Mundheim
6. Gåvekort. FK-butikken kr. 2000,- Bodil Stranden
7. Elektrisk artikkel. Maritim Elektro kr. 500,- Håvard Sørnes
8. Gåvekort. Joker O. Tufta AS kr. 500,- Miranda Haveland
9. Gåvekort. Krambuå kr. 500,- Bodil Stranden
10. Gåvekort. Evas Bakeri. Eva Almås kr. 300,- Kjellaug og Vermund Gravdal