Vinterkarusellen startar tysdag 16. oktober kl 19
Forfatter: Johannes Skogseide Børsheim
27. september 2018
Det er igjen klart for Vinterkarusellen. Tysdag 16. oktober kl 19 vert fyrste løp arrangert. So er det løp tredjerkvar tysdag. Nedanforer er det synt alle datoane for løpa og anna informasjon om karusellen.
Vinterkarusellen 2018 -2019
Vinterkarusellen starta opp att tysdag 16. oktober. Neste løp er tysdag 6. nov. kl. 19. Alle løpa vert arrangerte tysdagar kl 19. Løypa er 4 km lang. Start og mål er på Strandebarm Idrettspark. Der er det også garderobar og wc tilgjengeleg. Startkontingent er: 50,- pr. løp, 150,- for alle løp, 350,- for familie alle løp. I tillegg til kontant-, kan ein også betale med Vipps nr. 112123. Klikk på vedlegget oppe til høgre på denne sida. Der er heile plakaten for årets karusell.
Det er trekking av fem gåvepremiar kl 1940. Desse vert terkte pa startnummer, og den gjevaste er på kr. 500,- til bruk på Mo Sport. Dersom ein deltek på minst fem av dei atte løpa, har ein gjennomfort Vinterkarusellen. Då får ein medalje og er med i trekking av fleire fine gåvepremiar ved avslutningssermonien 12. mars. Hovudpremien er eit gåvekort på kr. 500,- til fra Mo Sport. Velkomne!
Bilete: Hanna Øygard, Elisabeth Skogasel, Sondre Svåsand Måge og Lars Mundheim Oma f.v. på Vinterkarusellen
Datoane for sesongens vinterkarusell er:
2018: 16. okt, 6. nov, 27. nov, 18. des
2019: 8. jan, 29. jan, 19. feb, 12. mars