[email protected]


Logo
Bli medlem
Arrangementskalender

Vellukka avsklutning av årets Vinterkarusell

Forfatter: Johannes Skogseide Børsheim

06. mars 2022

Forside
News article image

Tysdag 8. mars gjekk sesongens site løp i Vinterkarusellen. 50 deltakarar stilte til start på siste løpet.

Tre blide kvinner på Vinterkarusellen på kvinnedagen 8. mars 2022. F.v. Anne Fredheim Magnussen, Anne Christin Børsheim og Elisabeth Fosse.


Det var opplett og klart ver då sesongens siste løp vart avvikla. Som vanleg var det med folk i alle aldrar og det var god innsats frå alle. Løypa har vore uforandra i fleire år, med start og mål på Idrettsparken. Vendinga skjer på Midtre Børsheim åvom Strandebarmheimen. Der er ein akkurat halvvegs på den 4 km lange løypa.

Etter siste løpet har det vore vanleg å ha avslutningssermoni på Skulen. Denne var forenkla i år, og deltakarmedaljane vart delte ut rett etter målgang. Alle som har delteke, fekk medalje. Det var også mange premiar elles som var trekte blant dei som har vore med på årets karusell. Hovudpremien på kr. 2000,- til bruk på Mo Sport vart vunnen av Evita Lillefosse, som har vore med på dei fleste av sesongens løp. Håkon Myklebust Skjelnes frå Rosendal kom fyrst i mål. Han har vore fyrste mann på mange av sesongens løp. Tida denne kvelden vart 14,18. Neste mann var Ove Måge. Amalie Svåsand Måge og pappa Lars sprang ilag, og var dei neste inne. Like etter kom Torild Kveberg. Etter henne kom Monica Rinde Oma, som nok sette ny personleg rekord denne kvelden med den gode tida 18,50.

Arrangøren takkar alle som har delteke på årets karusell. Ein er særs glad for dei som møter fram også frå andre bygder og - kommunar, og me takkar sponsorar og støttespelarar. Takk skal de ha, alle! Neste arrangement frå Friidrettsgruppa vert seriestemne i fyrste del av mai.

Resultat sesongens sjette og siste løp i Vinterkarusellen tysdag 8. mars.

Liv Sigrid

Almås

35,00

Renate

Bakkely

31,04

Torunn

Baldersheim

30,24

Olai Nesbø

Bang

36,30

Bjørn Ove

Berge

34,00

Kaia

Berge

30,44

Karl Erik

Berge

19,51

Kjell Egil

Berge

33,14

Thomas

Berge

33,14

Anne Christin

Børsheim

24,41

Liv Berit Bru

Eide

22,04

Eskil G

Eliassen

23,27

Filip Fernand G

Eliassen

24,26

Elisabeth

Fosse

24,10

Kitty Marie Håbrekke

Fosse

29,22

Magne

Fosse

31,10

Tor Henrik

Fosse

29,22

Anne

Fredheim

41,14

Ludvig Bakkely

Fugleberg

31,04

Kristi Lutro

Gjerde

30,13

Lars

Gjerde

30,13

Lars Lutro

Gjerde

22,21

Tonje

Gravdal

24,03

Grethe

Hjertaker

39,48

Oddvar

Hjertaker

21,24

Marianne

Håbrekke

40,00

Torild

Kveberg

18,13

Turid

Lid

31,28

Arthur

Lillefosse

26,22

Anne Grete

Lunde

40,00

Torunn

Lutro

22,21

Benjamin Stave

Mjåtvedt

22,17

Adrian

Mundheim

36,30

Lisa

Mundheim

20,48

Ann Kristin

Mykkeltvedt

34,00

Irene

Myrvold

21,21

Amalie Svåsand

Måge

18,04

Lars

Måge

18,04

Ove

Måge

16,35

Liv

Nernæs

39,48

Monica

Oma

18,50

Franz

Sekanina

24,01

Håkon Myklebust

Skjelnes

14,18

Bodil

Stranden

29,02

John

Svahn

21,49

Elisabeth

Svåsand

26,19

Silje

Svåsand

39,47

Arvid

Tangerås

22,55

Irene

Tangerås

23,18

Alvhild

Tveitnes

44,08