[email protected]


Logo
Bli medlem
Arrangementskalender

Ove`n med ny pers., Emma fyrst i mål igjen

Forfatter: Johannes Skogseide Børsheim

03. november 2015

Forside
News article image

Sesongens andre vinterkaruselløp vart eit kjempefint arrangement, med heile 86 trimmarar i sving i den milde novemberkvelden. Ove Måge sprang sitt beste karuselløp nokonsinne. Unge Emma Skjelbreid Poiree var fyrste kvinne i mål for andre gang denne hausten.

Deltakinga på denne sesongens vinterkarusell har vore den beste på mange år. Heile 86 startande trimmarar gjennomførte andre løpet i karusellen. Det var mildt ver, med litt lett yr inni mellom. I tillegg til deltakarar frå fleire delar av Kvam, har Hålandsdalen stilt med ein stor kontingent på løpa i år. Litt folk frå andre delar av Fusa var det òg. Dei som hadde reist lengst til løpet denne kvelden, kom frå Bergen.

Det var masse gode tider og prestasjonar. Også mange born gjer det svært godt i vinterkarusellen. Karusellen høver for alle uansett alder, nivå og ambisjonar. Det er trim og mosjon som står i høgsetet på dette arrangementet. Artig var det likevel at Ove Måge, som har utallige vinnterkaruselløp bak seg gjennom mange år, sette ny personleg rekord denne kvelden. Han kom inn på 13,58. Gratulerar ! Dag Joakim Storli frå Vikøy, kom inn sju sekund bak, etter eit flott løp. Bak følgde Knut Øystein Fosse og Bjarte Rød. 

Blant kvinnene var det igjen ungjenta Emma Skjelbreid Poiree som kom fyrst i mål. Slik var det også på det fyrste karuselløpet. På kveldens løp kom ho inn på 17,23. Ei flott tid for den unge Emma. Dei neste kvinnene i mål var Elin Rød og Torild Kveberg. På biletet øverst ser me Emma Skjelbreid Poiree og Ove Måge etter målgang. På biletet nedanfor er familien Svåsand Måge avbilda med mamma Silje og pappa Lars, saman med Sondre og Amalie. Nedst er Tor Henrik Fosse etter endt karuselløp. Dottera Kitti Marie vann ein av gåvepremiane som vart trekte etter løpet. Dei andre vann Ann-Marie Engevik og Håkon Berge. Hovudpremien på kr. 500,- til bruk på Mo Sport i Norheimsund, var det vesle Kaja Berge som vann.  

Det er kjekt for arrangøren at antal deltakarar er aukande på årets vinterkarusell. Karusellen er ei kjempemogelegheit for folk å halde seg i form. Det er enkelt for den einskilde å sjå sin utvikling gjennom karusellsesonge, sidan løypa er identisk heile tida. Men ver og føre kan sjølvsagt endra seg noko etter kvart. Resultatlista er sortert alfabetisk slik det er best på eit mosjonsløp. Alderen på deltakarane varierer frå under eitt år til langt uti syttiåara.


 

Andreas

Aarseth

18,29

Katharina

Aarseth

19,30

Martin

Aarseth

20,25

Thomas

Aarseth

18,18

Renate

Bakkely

28,38

Torunn

Baldersheim

40,00

Håkon

Berge

21,07

Kaja

Berge

33,37

Kjell Egil

Berge

17,52

Terje

Brurok

16,17

Anne Christin

Børsheim

23,30

Samuel

Børsheim

18,53

Liv Berit Bru

Eide

21,08

Camilla

Eik

18,29

Konstance

Ekerhovd

26,20

Preben

Ekerhovd

22,05

Ann-Marie

Engevik

25,33

Emma Viken

Espeland

35,01

Frode

Espeland

19,11

Kitti-Marie Håbrekke

Fosse

22,39

Knut Øystein

Fosse

14,58

Magne

Fosse

23,49

Silje Håbrekke

Fosse

32,18

Tor Henrik

Fosse

22,39

Kjell Martin

Fugleberg

25,07

Vilde Bakkely

Fugleberg

25,07

Ingri Skjelbreid

Gjelland

22,30

Kristi Skjelbreid

Gjelland

20,16

Rita

Gjerde

20,15

Kristian Ljones

Gravdal

33,49

Trine

Handal

27,52

Grete

Hjertaker

26,09

Oddvar

Hjertaker

20,42

Sivert

Håland

17,10

Eivind

Jørgenvik

23,35

Anne Gro

Kalsnes

27,05

Ketil

Karlsen

19,06

Hilde Brekke

Kolltveit

20,02

Anette

Kristiansen

27,48

Herlaug

Kvamsøy

22,35

Torild

Kveberg

18,02

Mette

Lammedal

25,20

Arthur

Lillefosse

23,59

Audhild

Ljones

33,49

Dagny

Ljostveit

24,16

Ingebjørg

Markhus

20,16

Maria Sundfjord

Markhus

27,25

Karen

Matthiessen

20,23

Gunnar

Mundheim

36,57

Ann-Kristin

Mykkeltvedt

33,37

Amalie Svåsand

Måge

26,25

Lars

Måge

18,28

Ove

Måge

13,58

Sondre Svåsand

Måge

18,29

Ingvard

Nordtveit

21,28

Gunnar

Norhus

20,15

Annhild

Oma

23,44

Even Mundheim

Oma

18,13

Lina

Oma

30,00

Einar

Opsanger

18,09

Vebjørn Kveberg

Opsanger

15,21

Anna Skjelbreid

Poiree

23,17

Emma Skjelbreid

Poiree

17,23

Lena Skjelbreid

Poiree

25,43

Rafhael

Poiree

25,43

Sunniva Kjosaas

Riise

35,01

Anders

Rød

17,17

Bjarte

Rød

15,11

Eirik

Rød

18,18

Elin

Rød

17,53

Trym T

Sandven

29,44

Tuva T

Sandven

40,03

Ann-Elen

Skjelbreid

23,17

Susanne

Steine

35,13

Dag Joakim

Storli

14,05

Bodil

Stranden

25,39

John

Svahn

18,57

Silje Kristin

Svåsand

28,43

Irene

Tangerås

20,02

Lene

Tørvik

29,44

Bjørg

Vågsnes

32,35

Helena

Vågsnes

25,22

Isabella

Vågsnes

32,35

Sigbjørn

Vågsnes

20,16

Aleksandra

Zajac

24,42

Mariusz

Zajac

19,52