Bjørnar med ny sterk pers på 3000 meter
Forfatter: Johannes Skogseide Børsheim
01. mars 2021
Bjørnar Sandnes Lillefosse har sett ny personleg rekord på 3000 meter med tida 7,58,01. Dette er under det norske kravet til EM i friidrett
Bilete: Bjørnar t.h. på Idrettsparken tidlegare i vinter saman med brødrene David og Edvin Øygard f.v. frå Eikelandsosen. (Foto Johannes Skogseide Børsheim
Den nye persen vart sett under eit stemne i friidrettshallen på Leikvang i Åsane. Marius Vedvik som er ein annan sterk løpar i Gulardrakt, kom inn like bak på tida 7,58,41. Desse tidene er under det norske kravet til EM i friidrett. Nivået på langdistanse i Noreg er godt, og det er fleire som har klart kravet. Dette gjer at Bjørnar med denne tida vert reserve til EM.
Under løpet var Anders Bjørndal frå Gneist hare på omlag halve distansen, før Bjørnar og Marius Vedvik heldt oppe farten sjølve på resten. Bjørnar var sterkast på den siste runden. Tida er so sterk, at den er berre 14 hundredeler bak Vedvik sin kretsrekord innadørs på distansen.