[email protected]


Logo
Bli medlem
Arrangementskalender

Folkefest på Sponsorløpet laurdag 20. mai.

Forfatter: Johannes Skogseide Børsheim

14. mai 2023

Forside
News article image

Strandebarm IL inviterte til Sponsorløpet 2023 på laurdag 20. mai i Idrettsparken. Arrangement var for innsamling av midlar til fondet for framtidig vedlikehald Idrettsparken. Dette vart ein fiolkefest.

Heile 130 deltakarar var med då det fyrste Sponsorløpet vart arrangert. Deltakarane hadde ordna seg med ein sponsor som støtta dei enten med ein fast sum, eller med ein sum pr. runde på idrettsbana. I tilllegg var det ein heil del publikum, og mykje liv i Idrettspasrken denne dagen.
Arrangementet vart ein suksess, og truleg kom det inn ein god del pengar til det framtidige vedlikehaldet av idrettsparken. Det var deltakarar frå dei aller minste i barnevogn til pensjonistar. Og tre av deltakarane gjorde unna minst ein halvmaraton denne dagen,


Nokon valde også å gje ei gåve rett til fondet sin konto nr. 3530.33.79841. 

Det var mange gilde premiar, der ulike opplevelsar vart trekte på startnummer etter løpet. 
Sundagsmiddag for 2 på Hallvardsnaustet    
RIB-tur for 2 på fjorden frå Norheimsund
Guida tur for 2 med Breførar på Folgefonna
Fjordtur/Rt for 2 Norheimsund – Eidfjord
2 dagsbilettar til Hardangerbadet                   
2 dagsbilettar på Fartøyvernsenteret
Diverse effektar frå Mikkelparken                   
2 bilettar til flyging hos VossVind

I tillegg til løpet var det musikalsk innslag på toradar ved Ole Gjerde.

Strandebarm Idrettslag takkar alle som bidrog med aktivitet og som sponsor/pengegåve i samband med dette løpet. Tusen takk til alle både kioskarbeidarar, funksjonærar og tilskodarar, som var med å gjere dette til ein flott folkefest denne dagen.