[email protected]


Logo
Bli medlem
Arrangementskalender

Trim til Trimbøkene er starta, men utan trimbøker.

Forfatter: Johannes Skogseide Børsheim

06. april 2020

Forside
News article image

Dei sju trimbøkene i idrettslagets Trimboktrim, vert ikkje utplasserte i år grunna smittevernomsyn. Men også desse er kome inn i appen [email protected]

Utsikt frå Ullhovda Foto: Siv ljones
 


Dersom ein har smartttelefom kan ein laste ned appen [email protected] og registrere besøka der.
Dette er den same appen som vert nytta på årets Fjelltrim. Kom og bli med på trim!

Stadene som høyrer med i Trimboktrimmen er: 

Høylimyra
Skaro
Børsheimstræ
Breimyr
Strandadalen
Skulafossen
Ullhovda

Idrettslaget beklagar at det no ikkje er høve til å legge ut slike trimbøker som ein skriv namnet sitt i. Men laget må fylgja dei retninslinene som er gjevne til laget frå styresmaktene.

Me oppmodar alle om å koma seg ut i naturen. Det er god medisin både fysisk og psykisk å trimma. 

God tur!

Orienteringsgruppa/trimgruppa