[email protected]


Logo
Bli medlem
Arrangementskalender

Gode tider på nest siste vinterkarusell 13. februar.

Forfatter: Johannes Skogseide Børsheim

12. februar 2018

Forside
News article image

Tysdag 13. februar vart sesongens nest siste vinterkaruselløp avvikla. Det var god deltaking med 55 personar til start. trass noko usatbilt ver, var føre ganske greitt denne februarkvelden. På bildet er Hanna Øygard, Elisabeth Skogasel, Sondre Svåsand Måge og Lars Mundheim Oma f.v. avbilda etter løpet.

Vinterkarusellen samlar mykje folk; 55 løparar på startstreken ein tysdagskveld i februar er arrangørane nøgde med. Som vanleg var det folk i allwe aldrar frå småborn i barnevogn til pensjonistar. Åtte deltakarar stilte til start for fyrste gong i år. Mellom desse var strandebarmsvenen John Svahn frå Tørvikbygd, som har mange startar bak seg i karusellen i tidlegare år, i tillegg til deltaking på seriestemna på idrettsbanen. Seinare denne månaden skal han avgrade på skirenn til Russland saman med andre kvemmingar.

Ein som også deltok på fyrste gong i år var Adam Øygard (16). Han sprang fort, og var fyrste mann i mål, føre Knut Øystein Fosse, Ove Måge og John Olav Måge.Også Hilde Håbrekke med borna Jenny og Aleksander, mor Annlaug og nevø Kristoffer debuterte for denne sesongen på karusellen. Jenny vann ein av gåvepremiane.Torild Kveberg var fyrste kvinne over målstreken føre Irene Myrvold og Irene Tangerås og Liv Berit Bru Eide. Hovudpremien på kr 500,- til bruk på Mo Sport, var det vesle Vilde Bakkely Fugleberg som vann. Vilde og mamma Renate har delteke på alle løpa denne sesongen.

​Tysdag 6. mars klokka 19, går det aller siste løpet denne sesongen. Etterpå vert det avslutningssermoni i kantina på skulen. Der vert det sal av enkel mat, trekking av premiar og utdeling av medaljar. Alle som deltek på minst fem løp får medalje, og vert med i trekking av fine premiar. Til no har 42 personar vore med på min. 5 løp. 13 personar har fire løp til no.

​Resultat 7. løp. 13 februar 2018
 

Renate

Bakkely

33,59

Torunn

Baldersheim

30,46

Bjørn Ove

Berge

23,03

Håkon

Berge

22,31

Kaja

Berge

23,03

Kjell Egil

Berge

23,03

Trond Inge

Brakestad

17,31

Pernille

Djupesland

26,19

Liv Berit Bru

Eide

21,44

Frode

Espeland

18,27

Kitty Marie Håbrekke

Fosse

22,20

Knut Øystein

Fosse

15,21

Tor Henrik

Fosse

22,20

Vilde Bakkely

Fugleberg

33,59

Grete

Hjertaker

27,24

Aleksander Martinsdt.

Håbrekke

40,11

Annlaug

Håbrekke

46,25

Hilde

Håbrekke

40,11

Jenny Martinsdatter

Håbrekke

32,04

Kristoffer

Håbrekke

32,04

Ketil

Karlsen

24,58

Herlaug

Kvamsøy

25,48

Torild

Kveberg

18,41

Adrian Klever

Kåreid

34,37

Mette

Lammedal

25,28

Fillip

Lauritsen

44,36

Preben

Ljones

16,58

Gunnar

Mundheim

32,18

Ann-Kristin

Mykkeltvedt

31,54

Geir Inge

Myrvold

21,49

Irene

Myrvold

19,43

Amalie Svåsand

Måge

23,55

John Olav

Måge

16,07

Lars

Måge

23,58

Ove

Måge

15,24

Solveig

Måge

41,53

Sondre Svåsand

Måge

18,09

Endre

Oma

31,41

Ingvar

Oma

31,41

Lars Mundheim

Oma

16,22

Sarah

Revheim

44,36

Frans

Sekanina

31,45

Rino

Sekanina

31,45

Elisabeth

Skogasel

22,13

Marita Flemmen

Skogvoll

25,24

Siril

Sundfjord

33,35

John

Svahn

20,48

Elisabeth

Svåsand

24,55

Irene

Tangerås

20,09

Alvhild

Tveitnes

40,56

Lars

Tveitnes

26,19

Sigmund D

Tveitnes

26,19

Gudmund

Øvsthus

16,52

Adam

Øygard

15,09

Hanna

Øygard

22,16