Vinterkarusellen startar på tysdag 13. oktober.
Forfatter: Johannes Skogseide Børsheim
08. oktober 2015
Det er endeleg klart for ny vinterkarusellsesong. Fyrste løp går på fyrstkomande tysdag 13. oktober klokka 19. Vel møtt!
Løypa er 4km lang. Startkontingenten er 40,- pr. løp. For alle løpa er det 150,-. Familiekontingent for alle løpa er 350,- Start og mål er på Strandebarm Idrettspark. Ein spring ein runde rundt idrettsbanen på utsida av gjerdet, før ein fer opp i reiksvegen og utover til vendinga som er på Børsheim, litt utom Strandebarmheimen. So er det eksakt same vegen attende til mål. På idrettsparken er det garderobefasilitetar. Etter kvart løp er det trekking av premiar, som er nokre småpremiar pluss eit gåvekort på heile kr 500,- til bruk på Mo Sport i Norheimsund.
Vinterkarusellen er kjempefin trim. Desse mosjonsløpa passar for alle uansett nivå og alder. Vel møtt alle !