Vellukka basasa sundag 22. november
Forfatter: Johannes Skogseide Børsheim
24. november 2015
Idrettslagets årsvisse basar vart arrangert sundag 22. november. Det vart ein kjekk basar med mange blide folk og fine gevinstar.
På basaren vert det fem åresal og trekking av loddbøker. I tilllegg fekk ein utdelt premiar og diplom for god innsats frå dei aktuive gjennom dette året. Det var sjølvsagt kaker, kaffi og saft til alle. Omsetninga vart kr. 119 000. Av dette går ein del ut att til gevinstar på bøkene og til ein del andre kostnader i samband med heile opplegget.
Strandebarm Idrettslag vil takke alle som har bidrege til basaren på ein eller annan måte. Takk til loddselgarar og alle som har kjøpt lodd og årar. Takk til verksemder og personar som har bidrege med gevinstar. Me oppmodar samstundes folk til å nytte lokal sørvisnæring ve handel. Tusen takk til alle !