[email protected]


Logo
Bli medlem
Arrangementskalender

To gull til Bjørnar i NM Terrengløp

Forfatter: Johannes Skogseide Børsheim

04. oktober 2021

Forside
News article image

Bjørnar Sandnes Lillefosse vann to gull under NM Terrengløp på Storetveitmarkene i Bergen i helga 2.-3. oktober.

Laurdagen sprang han inn til individuelt gull. Distansen var 3 km. 28 av landets beste løparar stilte til start. Ut på den siste kilometeren var Bjørnar i ein leiartrio saman med Marius Vedvik frå Gular og Even Brøndbo Dahl frå FIK Orion. Bjørnar drog til med ein skikkeleg langspurt då det var 300 meter att. Kun Brødbo Dahl klarte å svare. Men også han måtte gje tapt. Bjørnar vann med eitt sekund. Vedvik vart nummer tre.

På sundagen var det klart for lagkonkurranse. Her kunne ingen hamle opp med dei to i Gulardrakt; Bjørnar Sandnes Lillefosse og Marius Vedvik tok eit solid NM-gull.

Strandebarm Idrettslag gratulerar Bjørnar med eiit kjempebra NM og ein flott sesong. Det er utallige treningstimar som ligg bak, mange av dei på Strandebarm Idrettspark.

Gratulerar, Bjørnar !