Klart for ny Vinterkarusell
Forfatter: Johannes Skogseide Børsheim
06. oktober 2020
Ein ny Vinterkarusellsesong står for døra. Fyrste løp er tysdag 13. oktober kl 19 på Strandebarm Idrettspark
Vinterkarusellen 2020/21
Opplegget rundt sesongens Vinterkarusell blir mykje det same som før når det gjeld løype, premiering o,l. Men ein må også her opptre med èinmeters regel og ta dei naudsynte smittevernomsyn.
Dei åtte løpa vert arrangert tredjekvar tysdag kl 19, fram til karusellavslutninga 9. mars til neste år. Løypa er 4 km lang, med start og mål på Idrettsparken. Etter èin runde rundt idrettsbanen er det opp i riksvegen, ut til Børsheim like forbi Strandebarmheimen der det er vending. Og so akkurat same løypa attende.
Datoane for sesongens karusell er:
2020: 13. oktober, 3. november, 24. november, 15. desember
2021: 5. januar, 26. januar, 16. februar, 9. mars
Startavgift: Pr løp kr. 50,-, alle løp kr 150,-. Familie alle løp kr. 350,-
Påmelding ved start, kontant eller Vipps Nr 112123
Alle vel møtt!