Trimbøkene er på plass
Forfatter: Johannes Skogseide Børsheim
15. mai 2017
Det er vår, og idrettslaget har utplassert trimbøkene igjen på dei kjende stadane. Gå ein tur, og notèr namnet ditt i ei av bøkene. Nedanfor er synt oversikt over trimbøkene.
Trim 2017
Trimbøkene er i år utlagde frå palmesundag til sundag 29. oktober. Trimbøkene finnein på desse stadane:
1. Høylimyra
Enden av skogsveg som byrjar ved fv. 49 i Dysvik. Parkèr ved riksvegen. Turen tar om lag 1,5 timer t/r.
2. Skorvene.
Ved parkeringsplass på oppsida av vegen, ca. 200 m nærare Oma frå Skjeringsvingen.
3. Skogsveg Ytre-Oma
Ved stikrysset ved enden av skogsvegen til Ingvar Oma i ytre Omamarka.
4. Breimyr.
Ved Breimyr ovanfor Tangerås/Bru-området.
5. Vatnet
På Vatnet innst på Strandadalen.
6. Skulafossen
Ved Skulafossen ovanfor Fosse.
7. Ullhovda (biletet- Foto: Siv Ljones)
På Ullhovda ovanfor Ugletveit / Kolltveit.
Skriv namnet ditt i bøkene kvar gong du trimmar forbi, og du vert med i trekkinga av ein premie pr. bok når bøkene vert tekne ned att i haust. (NB: 1 oppføring pr. person pr. dag) Premiane vert trekte på idrettslagets basar i november.
Eventuelle spørsmål om trimbøkene kan rettast til Gunnar Tufta 56554150 / 90641406
Ut i naturen, trim deg glad!
God tur!