[email protected]


Logo
Bli medlem
Arrangementskalender

Fin trimkveld på Vinterkarusellen

Forfatter: Johannes Skogseide Børsheim

29. januar 2020

Forside
News article image

Tysdag 28. januar var det klart for sesongens 6. løp i Vinterkarusellen. 62 deltakarar stilte til start i den fine januarkvelden. Det var opplettsvèr, 5 plussgrader, men litt kald vind. Dette gjorde at det vart medvind på fyrste del av løpet, og motvind på tilbakeveg til Idrettsparken.

Bilete: Elisabet Aarekol og Johan Botnen Aarekol på Vinterkarusellen i Strandebarm. Foto: Arne Dag Myking 


Som vanleg var det med folk i alle aldrar av begge kjønn. Det var også nokre nye påmelde denne kvelden. Det var flott innsats av alle. Blant jentene var dei tre fyrste i mål Amalie Svåsand Måge, Torild Kveberg og Irene Tangerås. Fem gåvepremiar vart tekte på startnummer etter løpet. Det var to posar med diverse kjekt innhald og to buffar. Desse premiane vart vunne av Kjell Martin Fugleberg, Knut Johan Nerhus, Håkon Myklebust Skjelnes og Johan Aarekol Botnen. Hovudpremien var som vanleg eit gåvekort på kr. 500,- Det kan nyttast på Mo Sport i Norheimsund og vart vunne av Elisabet Aarekol.    

I tillegg til Stranbermingar var det bra deltaking også frå folk frå andre bygder, både lenger inne i Kvam, frå Fusa og frå Hatlestrandsområdet. Det var også deltakarar frå andre sida av fjorden. Ein av dei; Haakon Myklebust Skjelnes frå Rosendal men med røter i Strandebarm, var fyrste mann over målstreken på 14,12. Fem sekund etter kom Edvin Øygard frå Hålandsdalen, og like etter kom Strandebarms eigen Sondre Svåsand Måge. Alle desse tre er unge gutar med stor fart i løypa.

Neste løp vert tysdag 18. februar kl 19. Då er ein allerede komen fram til det nest siste løpet denne sesongen. Dersom ein er med på minst fem av dei åtte løpa, får ein vinterkarusellmedalje og er med i trekking om fleire gåvepremiar. Den gjevaste er gåvekort på kr. 2000,- til bruk på Mo Sport. Karusellavslutninga vert på skulen, rett etter det siste løpet tysdag 10. mars.

Resultat 28. januar 2020

Elisabet

Aarekol

22,30

Erna

Aarekol

26,25

Kirsten

Aase

37,26

Liv Sigrid

Almås

27,47

Bjørn Ove

Berge

32,44

Håkon

Berge

22,11

Kaia

Berge

32,44

Kjell Egil

Berge

32,44

Thomas

Berge

32,44

Jakob Aarekol

Botnen

16,21

Johan Aarekol

Botnen

22,30

Anne Christin

Børsheim

25,31

Liv Berit Bru

Eide

22,12

Preben

Ekerhovd

16,09

Even Tufta

Flotve

34,22

Magnus Tufta

Flotve

19,59

Mari Tufta

Flotve

35,20

Kitty Marie Håbrekke

Fosse

33,54

Magne

Fosse

29,50

Tor Henrik

Fosse

33,54

Kjell Martin

Fugleberg

27,30

Vilde Bakkely

Fugleberg

27,30

Reidun Samland

Gravdal

25,27

Jannicke

Grønning

22,05

Trine

Handal

25,19

Fredrik

Haugerud

22,06

Grethe

Hjertaker

29,07

Ketil

Karlsen

23,51

Herlaug

Kvamsøy

45,00

Torild

Kveberg

18,18

Mette

Lammedal

23,59

Arthur

Lillefosse

25,40

Egil

Løken

22,19

Anne Fredheim

Magnussen

39,44

Hanne

Meyer

24,51

Benjamin Stave

Mjåtvedt

27,10

Ann-Kristin

Mykkeltvedt

32,44

Amalie Svåsand

Måge

18,10

John Olav

Måge

16,09

Lars

Måge

15,17

Ove

Måge

15,17

Solveig

Måge

41,20

Sondre Svåsand

Måge

14,20

Knut Johan

Nerhus

25,31

Reidar

Nerhus

19,58

Triana K

Nerhus

21,20

Liv

Nærnes

26,28

Jan Helge

Romarheim

24,18

Franz

Sekanina

28,11

Rhino

Sekanina

26,09

Eli

Skeie

19,22

Marit Slottelid

Skeie

27,12

Haakon Myklebust

Skjelnes

14,12

Bodil

Stranden

27,24

Silje B

Svåsand

35,44

Arvid

Tangerås

22,22

Irene

Tangerås

21,02

Sigrun

Tufta

34,22

Britt Norunn

Tveit

39,44

Alvhild

Tveitnes

40,52

Richard

Willemoes

16,11

Edvin

Øygard

14,17