[email protected]


Logo
Bli medlem
Arrangementskalender

Fjelltrimmen igang frå palmehelga

Forfatter: Johannes Skogseide Børsheim

28. mars 2021

Forside
News article image

Fjelltrimmen er allerede igang. Frå 27. mars er det allerede råd å registrere seg på toppane. Fjelltrimmen går heilt fram til 17. oktober.

Grunna korona, er det heller ikkje i år bøker på toppane. Det er to måtar å registrere besøka sine på toppane i Fjelltrimmen. 1. Ved å nytte appen [email protected] på ein smarttelefon, og registrere besøka sine der. 2. Ved å registrere dei sjølve med topp og dato, og levere infoen/lista til orientering-/trimgruppa ved Gunnar Tufta, etter sesongslutt.

Velkomen til nye og gamle trimmarar i Fjelltrimmen!
Hugs at det er mykje god helse i fine fjellturar i desse koronatider?

Ved spørsmål; kontakt Gunnar Tufta tlf: 90641406

I Strandebarm ILs Fjelltrim er det med sju fjell. Desse sju- gjev ulke poengsummar basert på kor krevjande turane er. Fjella som er med er: Tveitakvitingen (18 poeng), Vesoldo (10), Daurmålseggi (6), Kråkenos (6), Grånut (6), Fagrafjell (5), Haukåsfjellet (5)

For å gjennomføre Fjelltrimmen må ein minst vitje fem av desse sju fjella, på ein sesong.

172 personar gjorde dette ifjor. Bjørn Kåre Gjerde vann Fjelltrimmen med 1141 poeng, føre Laila Rinde og Kjetil Gravdal. Daurmålseggi hadde flest besøk med 655, føre Haukåsfjellet og Vesoldo.