God deltaking trass regn og vind på Vinterkarusellen
Forfatter: Johannes Skogseide Børsheim
01. november 2022
Femti deltakarar stilte opp då sesongens andre Vinterkaruselløp vart arrangert tysdag 1. november. Det var friskt ver med regn og vind. Men mange blide karuselløparar var det allikevel.
Små og store, born og vaksne, trassa vind og regn og gjorde ein god innsats på denne fyrste kvelden i november. Det går ein god del seinare enn normalt, under slike omstende. Men mange gode tider var det trass dette. Det var løparar frå Tørvikbygd som var dei raskaste denne kvelden. Lillian Ege Berentsen var fyrst av kvinnene på 17,10. Dei neste var Torild Kveberg frå Øystese, Torunn Lutro frå arrangørklubben og Irene Myrvold frå Hatlestrand. Også blant herrane var det to Tørvikebygdarar fyrst; Erlend Drivenes på 13,16, føre Andreas kjellby på 15,29. Så kom to Mågekarar, nemnleg syskenborna Ove og John Olav på hhv. 16,03 og 16,42. Det er kjekt for arrangøren når Vinterkausellen også femner deltakarar også frå andre bygder i Kvam og nabokommunar. Fleire born sprang også kjempefort, mellom dei gutane Bjørn Enes og Lars Lutro Gjerde som kom inn på 20-tallet.
Deltakarane fekk solid motvind på dei to fyrste kilometrane fram til vending. Det vart dermed medvind på innveg, men dette veg aldri opp tidsmessig for tapet i motvinden. Uansett vart det ein triveleg trimkveld med mange blide fjes. Det er også hyggjeleg at mange barnefamiliar stiller opp med born også i liten alder. Det er trekking av gåvepremiar omlag 40 minutt etter start, dvs 1940. Dersom det er familiar med små born, eller andre folk, som ikkje har moglegheit til å nå tilbake på denne tida, so har ein moglegheit til å starte noko før, slik at ein når i mål til klokka 1940. Alle må delta på same vilkår, dvs at ein kjem seg gjennom den fire kilometer lange løypa med start og mål på Idrettsparken, og vending åvom Strandebarmheimen på Børsheim. Neste løp vert tysdag 22. november klokka 19.
|
Lillian Ege |
Berentsen |
17,10 |
|
Bjørn Ove |
Berge |
30,28 |
|
Håkon |
Berge |
23,30 |
|
Kaia |
Berge |
33,40 |
|
Kjell Egil |
Berge |
30,28 |
|
Rebekka |
Berge |
31,01 |
|
Thomas |
Berge |
30,28 |
|
Anne Christin |
Børsheim |
25,49 |
|
Erlend |
Drivenes |
13,16 |
|
Liv Berit |
Eide |
23,40 |
|
Bjørn |
Enes |
20,43 |
|
Inger |
Enes |
23,33 |
|
Even Tufta |
Flotve |
27,09 |
|
Kitty Marie Håbrekke |
Fosse |
29,56 |
|
Magne |
Fosse |
31,18 |
|
Tor Henrik |
Fosse |
29,56 |
|
Anne |
Fredheim |
39,13 |
|
Kristi Lutro |
Gjerde |
26,44 |
|
Lars |
Gjerde |
26,44 |
|
Lars Lutro |
Gjerde |
20,48 |
|
Fredrik |
Hauge |
17,41 |
|
Grete |
Hjertaker |
28,50 |
|
Oddvar |
Hjertaker |
20,15 |
|
Marianne |
Håbrekke |
26,10 |
|
Adelia Berge |
Johansen |
31,00 |
|
Andreas |
Kjellby |
15,29 |
|
Torild |
Kveberg |
18,37 |
|
Amund |
Leiren |
29,35 |
|
Helle Berg |
Leiren |
29,33 |
|
Turid |
Lid |
31,26 |
|
Arthur |
Lillefosse |
26,07 |
|
Dagny Evita |
Lillefosse |
50,00 |
|
Anne Grethe |
Lunde |
26,29 |
|
Torunn |
Lutro |
19,43 |
|
Egil |
Løken |
35,17 |
|
Marie |
Løken |
35,07 |
|
Benjamin Stave |
Mjåtvedt |
22,10 |
|
Ann Kristin |
Mykkeltvedt |
33,40 |
|
Irene |
Myrvold |
22,08 |
|
John Olav |
Måge |
16,42 |
|
Lars |
Måge |
17,25 |
|
Ove |
Måge |
16,03 |
|
Solveig |
Måge |
47,00 |
|
Liv |
Nernæs |
26,50 |
|
Maisha Moola |
Nernæs |
41,50 |
|
Peder |
Nernæs |
41,50 |
|
Franz |
Sekanina |
50,00 |
|
Fredrik |
Sekanina |
36,26 |
|
Rhino |
Sekanina |
31,30 |
|
Silje |
Svåsand |
37,00 |
|
Irene |
Tangerås |
24,38 |
|
Sigrun Helen |
Tufta |
27,09 |
|
Hanne |
Tveit |
27,04 |