Bli medlem i Strandebarm Idrettslag
Forfatter: Johannes Skogseide Børsheim
08. juli 2024
Kom og bli med i Idrettslaget. Alle er velkomne som medlem, uansett alder og ambisjonsnivå, eller om ein vil vera eit passivt medlem. Medlemstalet er aukande, men det er plass til mange fleire. Som medlem støttar opp om Idrettslagets gode rolle som ein pådrivar for aktivitet og utvikling i ytre del av Kvam,
I tillegg nyter ein godt av fleire fordeler. Her er nokre av dei:
* Ein kan delta på alle treningar som dei ulike gruppene i Idrettslaget skipar til. (For bruk av symjehallen gjeld Kvam herads opplegg, sjølv om det er Idrettslaget som syter for badevakter m.m.) Inkludert i desse aktivitetane er m.a. gratis bruk av SjøAktivgruppas kajakker, dersom ein har teke Våttkort.
* Gratis bruk av den populære minigolfbanen i Strandebarm Idrettspark. Golfkøller og noteringskort er lett tilgjengelige ved SjøAktiven.
* Trimrommet i Idrettsparken er også gratis å nytte for medlemar.
* Bruk av båtopptrekket ved SjøAktiven er populært i bygda. Dette er gratis å bruke for SIL-medlemer. Her er det enkelt å kome til med bil og båthengar. Ein kan rygge enkelt ned til vassflata, og sjøsette eller ta opp båten i kontrollerte former. Ein treng ikkje ha båtplass i båthamna for å nytte den. Som medlem i SIL kan du uansett bruke den gratis.
Det er mange tilbod og fordeler i Strandebarm Idrettslag. Men ein treng ikkje vera ein aktiv brukar for å vera medlem. Alle er velkomne som medlemar i SIL.
Prisane er låge, kun:
Familie kr. 1000,-
Vaksen kr. 700,-
Born kr. 400,-
Link til innmelding: Innmelding i norsk idrett (idrettsforbundet.no)
Ved spørsmål elles ta kontakt på epost [email protected] eller direkte til kasserar 95744565.
Velkomen som medlem!