Kjekk trim på Strandadalen
Forfatter: Johannes Skogseide Børsheim
28. august 2022
Siste laurdagen i august gjekk det årvisse Strandadalsløpet av stabelen. Det var to løyper; 2,9 km og 5,7 km, og èin mosjonsklasse med medaljar til alle.
Bilete: Maya Skorge Hoff og pappa Øystein Hoff på veg til mål på¨Strandadalsløpet. Foto: Anne Christin Børsheim
Det var difor ikkje medljar til dei raskaste, men deltakarmedlajar til alle, og ein god del gåvepremiar som vart trekte på startnummer. Idrettslaget har mange gode samarbeidspartnarar som bidrog med premiar; Sparebanken Vest, Krambuå, Joker Omastrand, Mo Sport og Gule`s.
Det var i underkant av tretti deltakarar. Deltakinga var størst i den korte løypa, men det var også ein del som tok den langa løypa. Det var både racerar og familiedeltakarar med born og vogn som trilla gjennom løypa. Veret var kjempebra med varmt og fint opplettsver. Strandadalen er ein veldig fager stad med grusvegen som går innover dalen langs grøne bøar og den breie, klare elva. I tillegg til å vera eit godt jordbruksområde, er det mykje nytta til turbruk og trening.
Blant dei som satsa på raske tider var det Erlend Drivenes kom inn fyrst i langløypa. Han kom inn på under tjue minutt på tida 19,47. Han har trena bra i sommar og skal m.a. delta på halvmaraton i København i september. Neste mann var Ove Måge på 22,26 og unge Ådne Kjosås på 22,34. Også guten Lars Lutro Gjerde sprang inn på ei god tid i langløypa. Blant kvinnene var det Monica Rinde Oma og Torild Kveberg som kom inn fyrst. Desse har også tevla saman på Vinterkarusellen mange gongar.
I kortløypa var det Reidun Braut Kjosås som kom inn fyrst blant kvinnene på 16,10 føre Bodil Stranden på 19,45 og Camilla Støen Bakke knapt minuttet etter. Blant karane var det Lars Gjerde som var fyrst på 16,05 føre gutungane Eskil Gravdal Eliassen og Maximilian Bakke. Neste arrangement vert seriestemne på Strandebarm Idrettspark onsdag 31. august for rekruttar til veteranar. Der vert det både korte- og lange løp, lengde, diskos og spyd. Då vert for alle klassar frå rekruttar til veteranar.
Resultat Strandadalsløpet 2022
|
Kort løype | ||
|
Liv Sigrid |
Almås |
24,52 |
|
Bjarne Tangerås |
Bakke |
21,24 |
|
Camilla Støen |
Bakke |
20,22 |
|
Maximilian |
Bakke |
20,20 |
|
Torunn |
Baldersheim |
23,30 |
|
Hannah |
Børsheim |
33,18 |
|
Lukas |
Børsheim |
33,18 |
|
Åslly Faith |
Børsheim |
27,03 |
|
Eskil Gravdal |
Eliassen |
17,57 |
|
Åse Sandnes |
Fosse |
23,30 |
|
Lars |
Gjerde |
16,05 |
|
Aria Skorge |
Hoff |
26,35 |
|
Christina Skorge |
Hoff |
27,03 |
|
Maya Skorge |
Hoff |
32,35 |
|
Øystein |
Hoff |
32,38 |
|
Reidun Braut |
Kjosås |
16,10 |
|
Marit |
Linga |
20,29 |
|
Bodil |
Stranden |
19,45 |
|
Lang løype | ||
|
Geir Vegard |
Brenne |
22,59 |
|
Erlend |
Drivenes |
19,47 |
|
Lars Lutro |
Gjerde |
30,55 |
|
Andreas |
Kjellby |
23,01 |
|
Ådne |
Kjosås |
22,34 |
|
Torild |
Kveberg |
26,34 |
|
Lars |
Måge |
24,45 |
|
Ove |
Måge |
22,26 |
|
Monica Rinde |
Oma |
26,30 |