[email protected]


Logo
Bli medlem
Arrangementskalender

Bjørnar med kjempesterke resultat i NM

Forfatter: Johannes Skogseide Børsheim

20. september 2020

Forside
News article image

Bjørnar Sandnes Lillefosse imponerte stort under NM i fridrett på Fana Stadion denne helga. Han tok to bronsemedaljar og sette ny kretsrekord på 10 000m.

Fyrst gjekk 5000-meteren av stabelen. Her tok Bjørnar ein sterk bronsemedalje på tida 14:03.98 etter ein sterk sluttspurt. Bjørnar representerer IL Gular, som Strandebarm IL har elitesatsing med. Sundag 20. september var det klart for 10000 meter. Bjørnar er i sterk form, og vart med i ei leiargruppe som gjekk ut i høg fart mest frå start. Gruppa vart etterkvart på tre løparar. Zerei Mzengi klarte å få ei luke til dei to andre halvvegs i løpet. Denne gav han ikkje frå seg att. På den siste kilometeren greidde også Narve Gilje Nordås å dra ifrå Bjørnar. Med dette kom Bjørnar inn på ein flott tredjeplass på tida 28:23.46. Alle medaljørane hadde sterke tider, og Bjørnars tid er den sterkaste tida som har gjeve bronse i NM nokon gong. Med dette senka han Arne Risa sin gamle kretsrekord frå EM i Helsingfors frå 1971. Med dette er Bjørnar den ellevte raskaste på 10 000 meter i Noreg i historien. Gratulerar, Bjørnar, med ny kretsrekord og eit kjempesterk Noregsmeisterskap!