[email protected]


Logo
Bli medlem
Arrangementskalender

Karusellstart i Strandebarm i 2020

Forfatter: Johannes Skogseide Børsheim

09. januar 2020

Forside
News article image

7. januar gjekk årets fyrste vinterkaruselløp av stabelen. Det var mildt og fint føre, men ganske mykje regn denne kvelden. Litt vind var det òg. Men i underkant av femti karuselldeltakarar var på plass.

Det var som vanleg trimmarar i alle aldrar. Innsatsen var framifrå blant dei alle. Av dei som stiller på start for å springe raskt var igjen Sunniva Steine raskaste jente, føre Amalie Svåsand Måge og Torild Kveberg. Blant gutta var det Sondre Svåsand Måge som kom fyrst, føre hans onkel Ove. Mikal E Børsheim var tredjemann i mål. På bilete diskuterar Simen Lillfosse og Reidar Nerhus f.v. om kveldens løp. Mikal E Børsheim er som alltid i godt humør, og andre kvinna over målstreken; Amalie Svåsand Måge, drikk saft. 

Det var jamnt over greie tider på deltakarane. Men regn og litt vind, la nok ein dempar på moglegheitene til å oppnå dei store resultata. Etterpå var det trekking av gåvepremiar blant kveldens deltararar. Vinnarar av diverse premiar vart Grethe Hjertaker, Triana K Nerhus, Monica Rinde Oma og Benjamin Stave Mjåtvedt. Hovudpremien på kr. 500,- til bruk på Mo Sport i Norheimsund, var det trufaste Turid Lid som vann. Det var vel fortent. Dette var det femte løpet denne sesongen. Om tre veker er det nytt løp. Då er ein komen til 28. januar, og løpet startar som alltid klokka 19.


Resultat 5. løp, 7. januar 2020

Kirsten

Aase

38,40

Håkon

Berge

22,26

Trond Inge

Brakestad

19,05

Anne Christin

Børsheim

25,29

Mikal E

Børsheim

17,45

Liv Berit Bru

Eide

22,26

Frode

Espeland

18,21

Magnus Tufta

Flotve

19,45

Kitty Marie Håbrekke

Fosse

36,39

Magne

Fosse

30,46

Tor Henrik

Fosse

36,39

Kjell Martin

Fugleberg

30,55

Vilde Bakkely

Fugleberg

30,58

Grethe

Hjertaker

29,26

Ketil

Karlsen

21,24

Torild

Kveberg

18,23

Mette

Lammedal

25,16

Turid

Lid

28,42

Arthur

Lillefosse

25,35

Simen

Lillefosse

19,05

Anne Fredheim

Magnussen

38,40

Hanne

Meyer

25,14

Benjamin Stave

Mjåtvedt

26,12

Amalie Svåsand

Måge

18,17

Ove

Måge

16,12

Solveig

Måge

41,50

Sondre Svåsand

Måge

14,36

Knut Johan

Nerhus

26,30

Reidar

Nerhus

19,24

Triana K

Nerhus

24,20

Liv

Nærnes

26,49

Monica Rinde

Oma

20,49

Elisabeth Fosse

Rise

24,09

Jan Helge

Romarheim

26,33

Franz

Sekanina

31,06

Rhino

Sekanina

31,06

Sunniva

Steine

17,36

Bodil

Stranden

28,42

John

Svahn

22,08

Silje B

Svåsand

30,57

Arvid

Tangerås

22,22

Irene

Tangerås

22,02

Sigrun

Tufta

21,25