Vinterkarusellen 2024/25
Forfatter: Johannes Skogseide Børsheim
24. september 2024
Bli med på kjekke mosjonsløp på 4 km. Det er løp tredjekvar tysdag kl 19. ved Strandebarm Idrettspark. Fyrste løp er tysdag 15 oktober. Neste løp er 5. november kl 19.
Datoar: 15.okt, 5. nov, 26. nov, 17. des, 7. jan, 28. jan, 18. feb, 11. mars.
Løypa er 4 km. Det er løp tredjekvar tysdag kl 19, med start og mål på Strandebarm Idrettspark. Etter start går løypa èin runde rundt idrettsbanen, før ein spring opp i riksvegen og utover til vendinga omlag åvom tidlegare Strandebarmheimen. So er det akkurat same veg attende til mål.
Etter kvart løp er det trekking av nokre gåvepremiar, m.a. eitt gåvekort på kr. 500,- til bruk på Mo Sport i Norheimsund. For å gjennomføre Vinterkarusellen må ein delta på minst fem av dei åtte løpa. Då får ein medalje og er med i trekninga av fleire gåvepremiar, m.a. hovudpremien som er eit gåvekort på kr. 2000,- til bruk på Mo Sport. Vinterkarusellavslutninga er på skulen straks etter det siste løpet 11. mars 2025.
Startkontingenten er kr. 50,- pr. løp, kr. 150,- for alle løp, og kr. 350,- for familie alle løp.
Påmelding ved start, kontant eller Vipps nr 12123
Alle vel møtt!